Home » MEN 2

Category Archives: MEN 2

Å leve med kreft: Roy Farstad

Sommaren 2000 var Roy Aleksander Farstad akkurat ferdig på ungdomsskolen. Han hadde fått seg sin første sommarjobb, og planane for framtida var klare. Roy ville bli kokk, og han hadde søkt og komme inn på kokkelinja ved Ørskog vidaregåande skule, så da var flytteplanane klare. Men den sommaren starta ikkje heilt som planlagt. Ein tilfeldig blodprøve viste at noko var gale, særs gale.

Roy Farstad brenner for lokalsamfunnet på Lepsøya! Foto: Mari Sandvold

Roy Farstad brenner for lokalsamfunnet på Lepsøya! Foto: Mari Sandvold

Roy følte seg frisk som ein fisk og hadde ingen symptom på noko som helst. Men svaret frå sjukehuset var alvorleg. Dei hadde oppdaga at Roy hadde kreft i skjoldbruskkjertelen, berre 15 år gammal. (more…)