Siri Økland (50) er litteraturvitar og journalist, og bur i Bergen. Ho er gift og har tre barn. Etter å ha fått brystkreftdiagnosen, fylgde cellegiftbehandling, tilbakefall og spreiing. Økland har skrive ein petit til CarciNor sitt temahefte «Livsglede».

Man måste jämföra
Eg kan ikkje tru det. Eg har sagt ja til å skriva om kva som gir meg glede og meistring – eg som berre blir gretten av å lesa om andre som får til ting eg ikkje fiksar sjølv. Hugsar enno kor utruleg irriterande det var då politidirektør Ingelin Killengreen gjekk på jobb kvar dag med brystkreft, mens eg sjølv låg i fosterstilling med same diagnose. For ikkje å snakka om kor provoserande det var då sjølvaste kreftgeneralen Anne Lise Ryel var i full jobb etter eit lite avbrekk med brystkreft og aktiv sjukmelding. Snakk om å legga lista høgt for oss andre. Takk skal du f… meg ha, Anne Lise. Good for you!
Eg er ikkje typen som held meg med idol eller rollemodellar, så det hjelper lite å koma her og koma her med vellykka historier. Gir det deg energi å jobba, seier du? Er du glad du slepp å gå heime, seier du? Går det fint å trena til halvmaraton fordi du har lært deg å kjenna på eigne grenser, seier du? Fortell meg meir eg ikkje vil vita!

Då er det meir trøyst i at nokon har det verre, såpass kan vel innrømmast. «Man måste hela tiden jämföra», seier Ingemar i «Mitt liv som hund». Men ho bekjente som gjennomførte 7-fjellsturen med cellegift i kroppen (ja, sju fjell på éin dag), var ikkje akkurat til hjelp i så måte. Sjølv blei eg kvalm berre eg tenkte på ein startstrek. Vel, eg var i grunnen kvalm om eg ikkje tenkte på startstrekar også. Så dersom det finst fleire som er litt bitre for at dei ikkje vann nokon av dei mange Leva normalt trass kreft-konkurransane, kan eg herved by på eit knippe erfaringar som de fritt kan bruka til å bygga dykk opp:
Kreftdiagnose? Bring it on! Skal berre finna barnevakt til eittåringen, få nokon til å følga femåringen i barnehagen og bestilla plass på SFO til niåringen, så er eg klar.
Koma tilbake i full jobb igjen? Null problem, det er berre å setja i gang. Alt blir jo raskt så meget bedre, berre ein begynner roleg. Særleg når ein ikkje har pådratt seg ein smygande infeksjon i skjoldbruskkjertelen samstundes.
Tilbakefall? Ja ja, me kan vel flyta litt på rutinen. Dette går fint, no som ungane er blitt eldre – heile to, seks og elleve år. Dei klarer seg fint, dei, sjølv med ei mor i kneståande og ein far i spagat.
Nytt tilbakefall? Dette taklar me! Kva kan eigentleg gå gale, så mykje erfaring som me har?
Spreiing til andre organ? OK, den var litt verre, men tar du den, så tar du den, heiter det. Ein klar fordel er det sjølvsagt at eg ikkje lenger treng bekymra meg for dette med spreiing. Check! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
Vel, dette var berre nokre eksempel. Det finst fleire tilbakeslag og nederlag der dei kjem frå, så feel free. Berre jamfør – gleda er på mi side!
Tekst: Siri Økland

(Petit skriven av Siri Økland for CarciNor sitt temahefte Livsglede, 2017. Tekst og bilete står på trykk etter avtale med forfattaren og forlaget.)